Ny musikk frå Mozart 233 år etter han døydde

Noter med over 250 år gamal musikk frå komponisten Wolfgang Amadeus Mozart er oppdaga av bibliotek i Tyskland.

Notane utgjer eit tolv minutt langt musikkstykke truleg laga då den kjende komponisten var mellom 10 og 13 år.

Stykket er laga for tre strykeinstrument, i motsetning til seinare stykke frå komponisten. Mozart er kjent for å ha komponert fleire operaer, musikkstykke for tangentinstrument og for større orkester.

Det er truleg systera hans, Maria Anna Mozart, som bevarte stykket som no har dukka opp.

Stykket blir kalla «Eine ganz kleine Nachtmusik» (Ein veldig liten nattmusikk).