Søkjer ny Harry Potter-skodespelar

I 2026 blir bøkene om Harry Potter til TV-serie. No søkjer produsentane etter born i alderen 9-11 år til å spele hovudrollene Harry Potter, Hermine Grang og Ronny Wiltersen.

Harry Potter er opphavleg ein bokserie skrive av forfattaren J.K. Rowling. Mellom 2001 og 2009 blei alle bøkene filmatisert. Både bøkene og filmane har vore svært populære.

No skal straumetenesta Max laga ei ny tolking av bøkene gjennom ein TV-serie. Med det søkjer produsentane etter irske og britiske born som er mellom 9 og 11 år våren 2025, skriv The Guardian.

Produsentane seier dei vil fokusera på mangfald og inkludering i leitinga etter skodespelarar, noko som inneber at dei vil vera opne for alle etnisitetar og kjønnsidentitetar.

TV-serien vil gå over sju sesongar og i mest mogleg grad innehalde det same som står i bøkene.

BØKER: Harry Potter er originalt ein bokserie skrive av forfattaren J.K. Rowling. Foto: Gaspar Uhas / Unsplash