Leksikon for born skal opnast med direktesendt show

12. september blir Vesle norske leksikon offisielt opna. Då skal eit lag med 7. klasse-elevar konkurrera mot kjendisar i kviss – og du kan følgja med direkte!

Leksikon
  • Ei samling tekstar som forklarer ulike tema.
  • Kvar tekst handlar om eitt tema.
  • Leksikon på nett blir jamleg oppdatert, slik at det som står, er rett.
  • Vesle norske leksikon er døme på eit leksikon på nett.

Kjelde: Vesle morske leksikon

LES FAKTALUKK FAKTA

Vesle norske leksikon er ein versjon av Store norske leksikon som er tilpassa unge i barneskulealder.

Torsdag 12. september skal tenesta offisielt opnast med eit leksikonshow. Då blir det mellom anna kviss, der det eine laget består av 7. klasseelevar frå Blystadlia skule.

Dei skal konkurrera mot eit vaksenlag som mellom anna består av kulturminister Lubna Jaffery og tidlegare NRK Super-programleiar Heidi Marie Vestrheim.

Vesle norske leksikon er laga for at fleire skal få tilgang på viktig, men enkelt skrive informasjon i eit format det er lett å søkja i.

Du kan følgje med på kvissen direkte klokka 12.00-12.35 12. september.

FRAMSIDA: Slik ser det ut når du skal søkje etter tema i Vesle norske leksikon. Skjermdump: lille.snl.no