Velkommen til skrivekonkurranse: kriminelt og skummelt

Bli med på skrivekonkurransen til Framtida Junior, og vinn fine premiar!

Vel éi av desse oppgåvene:

1. Skriv om det skumlaste du veit! Er du mørkeredd? Eller er du redd for edderkoppar eller hundar? Skriv om kva det er som gjer at du synest dette er så skummelt. Kva følelse får når du tenkjer på det som er skummelt? Og kva gjer du for at det ikkje skal vera så skummelt?

2. Skriv om den perfekte Halloween-feiringa! Korleis er den perfekte Halloween-kvelden for deg og vennane dine?

3. Skriv eit lesarbrev om noko du synest er skummelt med verda og samfunnet akkurat no. Kva meiner du dei som styrer må gjera for å løysa dette? Her får du tips til å skriva lesarbrev! 

4. Det er ein auke i talet på barn og unge som bryt lova. Kva meiner du bør gjerast for at færre unge skal bli kriminelle? Skriv eit lesarbrev om dette!

Konkurransereglar:

  • Format: Word-fil
  • Lengde: Maks 450 ord, men gjerne kortare
  • Premie: 1. plass: 1500 kroner og klassesett av Framtida Junior til vinnarklassen med flest gode tekstar, og abonnement og Framtida Junior-t-skjorte til vinnaren. Alle som er med i skrivekonkurransen kan bli trekt ut som vinnarar av Framtida Junior-t-skjorte og Lesedigg-bokmerke.
  • Aldersgrense: under 14 år
  • Innleveringsfrist: Snarast, og seinast innan 5. oktober
  • Målform: Nynorsk

Send inn til framtidajunior(a)gmail.com

OBS: Hugs å merka teksten med <NAMN>, <ALDER>, <SKULE> og <TELEFONNUMMER>.

Dersom me vil publisera det du skriv, så tar me kontakt! Det er fint om du òg har kontaktinformasjon til den eller dei du har intervjua eller foreldra deira, slik at me kan høyra med dei om det er greitt at dei kjem på Framtidajunior.no.

LES OGSÅ: Del meiningane dine, og ver med på å bestemma!