Grunnen er prisjeger-ordninga, som Konkurransetilsynet meiner har skadd konkurransen og kan ha ført til høgare prisar for forbrukarane.
Kjedene har sendt såkalla prisjegerar til dei andre sine butikkar for å sjekke prisane. I ei pressemelding skriv Konkurransetilsynet at samarbeidet om å gi tilgang til prisjegerar i kvarandre sine butikkar har vore ulovleg. Dei tre kjedene utgjer 95 prosent av den norske daglegvaremarknaden.
Konkurransetilsynet meiner prissamarbeidet varte frå januar 2011 og til i alle fall april 2018, då dei sikra bevis hos daglegvarekjedene.
Norgesgruppen, som eig mellom anna Kiwi og Meny, må betale 2,3 milliardar kroner, medan Coop og Rema 1000 har fått 1,3 milliardar kroner kvar i gebyr. Konkurransetilsynet pålegg kjedene å stoppe samarbeidet.
Rema-eigar Reitan Retail vil anke vedtaket. Også Coop vil klage, og Norgesgruppen stiller seg heilt uforståande til Konkurransetilsynets konklusjon, skriv E24. Kjedene meiner dei ikkje har gjort noko ulovleg. Kommunikasjonsdirektør i Norgesgruppen Stein Rømmerud seier til NRK at dei ikkje har nokon planar om å slutte med prisjegerar.