Hysj er ei grafisk bok, med mykje illustrasjonar og tekst.
Dette har forlaget, Aschehoug skrive om boka:
Denne sommaren oppdagar Hanna at ho ligg etter med alt: interesser, vener, kropp, gutar, ALT.
Winsnes skildrar overgangen frå barn til ungdom med stor humor og djupt alvor, gjennom ulike situasjonar, møter og oppdagingar. Hennar evne til å fortelja historier med bilete er heilt spesiell, og HYSJ er ein grafisk roman som set spor.
Ei vakker, humoristisk og sår forteljing om løyndomar.
- Har du lese boka? Vil du skrive bokmelding for Framtida junior? Send til tips@framtida.no. Merk emnefeltet med Bokmelding.