Mellom 264 000 og 594 000 tonn tekstilar i Europa blir kasta kvart år, før dei i det heile tatt er blitt brukte, ifølge miljøbyrået i EU, EEA. No skal nye reglar frå EU gjere det forbode å kaste uselde klede.
– Regelverket skal gjere at produkta vi bruker dagleg varer lengre og blir enklare å reparere. Det vil bidra til at vi ikkje like ofte som i dag erstattar produkta våre med nye. Dei nye reglane vil også gjere produkta meir energi- og ressurseffektive. Alt dette vil redusere miljø- og klimabelastninga av forbruket vårt, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet, i ei pressemelding.
Noreg er ikkje med i EU, men i ein avtale om å samarbeide økonomisk med landa som er i EU. Dette samarbeidet heiter EØS. Forbodet mot å kaste uselde klede skal bli ein del av EØS-avtalen. Då vil forbodet gjelde for Noreg også.