For sju år sidan forbaud Kenya plastposar til eingongsbruk. No forbyr dei også plastposar til organisk avfall. Det vil seie søppel som kan brytast ned, som for eksempel matavfall.
Miljødirektoratet i Kenya seier at innbyggarane har tre månader på å førebu seg på forbodet, skriv BBC.