Dei neste tre vekene konkurrerer fjerdeklassar over heile landet om å samla inn brukte batteri til gjenvinning. Elevane sjekkar skuffer, skap og gamle fjernkontrollar, og for dei heldige vinnarane vankar det pengar til klassekassa, skriv Miljøagentane i ei pressemelding.
Saka held fram under bildet.
Målet med Batterijakta er å læra elevane om korleis me kan bli betre til å ta vare på jordas ressursar. Skulekonkurransen blir arrangert av Miljøagentane for tolvte gong i år, i samarbeid med Clas Ohlson, Varta og Batteriretur.
Færre unge sorterer batteri
80 prosent av nordmenn oppgir at dei sorterer batteri heime, medan berre 65 prosent av unge mellom 18–25 oppgir det same, viser innsikt frå Loop og Opinion. Det er eit stort problem både for miljø og for branntryggleik.
– Kvart år brenn det i fleire titals søppelanlegg fordi brukte batteri har vorte kasta feil. Batteri skal teipast, og så blir leverte til gjenvinning, fortel Ingvild Swane som er prosjektleiar for Batterijakta.
Sjeldne stoff
– Batteri inneheld sjeldne stoff. Til dømes inneheld vanlege hushaldsbatteri stoffet sink, som det er viktig at me vinn tilbake. Det er enormt sløseri å mista stoffa i batteri ved at dei blir kasta feil, og dette ønskjer me å læra elevane om i Batterijakta, seier Swane.