Nokon gonger syns ein det er kjekt i starten, men angrar seinare. Ein kan også ha følt seg pressa til å dele, og difor gjort noko ein eigentleg ikkje hadde lyst til.
Mange born er redd for å seie frå til vaksne når slikt skjer. Kanskje føler du deg dum, som er blitt lurt? Kanskje var det kjekt i byrjinga? Kanskje skjedde det ein stad du eigentleg ikkje hadde lov å vere?
Uansett, så er det ikkje din feil. Uansett, så vil me vaksne hjelpe.
Som helsesøster er det mange born som spør om eg kan hjelpe dei å fortelje vanskelege ting til foreldra, og det kan helsesøster på din skule også!
- HAR DU SPØRSMÅL? Skriv til helsesyster@gmail.com
Merk gjerne emnefeltet med Framtida junior