Kva har skjedd no?
Laurdag morgon starta Hamas på Gazastripa eit stort åtak på Israel med både rakettar og bakkestyrkar. Over 700 israelarar, både militære og sivile, skal vera drepne. Mange er òg kidnappa.
Israel har erklært krig for første gong på 50 år, og gått til kraftig åtak mot Gazastripa. På palestinsk side skal nærare 500 vera drepne og over 100.000 er drivne på flukt.
Kvar er Gaza?
Gazastripa er ei smal landstripe på 40 kilometer langs Middelhavet, mellom Israel og Egypt. Nær to millionar menneske bur her, og over halvparten er FN-registrerte flyktningar.
Sidan okkupasjonen i 1967 har Israel hatt full kontroll over all trafikk inn og ut av Gaza. Etter krigen braut ut har Israel stengd all elektrisitet og forsyning av mat og vatn inn i Gaza.
Kva kranglar dei om?
Den viktigaste grunnen til uro og konflikt er usemje om landområda som no Israel har kontroll over.
Israelarane er opptekne av å sikra tryggleiken sin, medan palestinarane ønskjer sjølvstyre, fridom og tryggleik.
Kvifor har dei krangla så lenge?
Gjennom fleire tiår har det vore bølgjer av undertrykking, krigar, okkupasjon, terroråtak og overgrep i Midtausten.
I 1947 bestemte Storbritannia seg for å trekka seg ut av Palestina, og la spørsmålet fram for FN. Same året bestemte FN at 43 prosent av landarealet skulle gå til arabarane og 56 prosent til jødane, som då utgjorde kring 30 prosent av folketalet.
Arabarane var ikkje samde i dette, og mellom 1948 og 1973 var det fire krigar mellom Israel og nabolanda. I tillegg har det vore fleire større palestinske opprør i dei israelsk-okkuperte områda.
Sjå korleis kartet over Midtausten har endra seg!