Eit komplisert beinbrot kunne ha kosta alpakkaen Nikoline livet. Men, etter pengeinnsamlinga får Nikoline nødvendig behandling på Veterinærhøgskolen på Ås. Dermed kan alpakkaen truleg halde fram livet som You Tube-stjerne og Instagram-maskot, skriv NRK
Til dagleg bur Nikoline på Sunnmøre på den populære besøksgarden Hakallegarden. Der har den eitt år gamle morlause alpakkaen smelta hjarta til mange av gjestene.