Kina endra slutten på Minions-filmen

Nyleg hadde filmen Minions: Historien om Gru premiere i Kina. Men det kinesiske publikummet får ein annan slutt på soga om den gryande storskurken Gru, enn resten av verda.

Kinesiske styresmakter har nemleg endra slutten, slik at den er meir politisk korrekt, melder Reuters.

Den opphavelege filmen endar med at Gru og mentoren hans Wild Knuckles rir inn i solnedgangen saman: Dei har makta å lure politiet og iscenesett Wild Knuckles sin død.

Men i den kinesiske versjonen slepp dei ikkje unna med å ha brote lova, og Wild Knuckles må sone 20 år i fengsel.