184 barn i Noreg må leve i skjul

Fleire barn må vernast for å vera trygge. Difor bur dei på hemmeleg adresse.

Opplever du eller nokon du kjenner vald heime?

RING ALARMTELEFONEN 116111.

Det er gratis, og heilt trygt.

LES FAKTALUKK FAKTA

Ein rapport som politiet laga i fjor viser at det er fleire som melder om vald i familien no enn før.

Vårt Land skriv at det kom inn 279 fleire meldingar i 2017 enn det gjorde i 2016.

LES SAKA “POLITIET HAR VORE FOR DÅRLEGE TIL Å ETTERFORSKE VALD MOT BARN” HER.

«Kode 6»

– Alle har rett til vern mot vald og mishandling i eigen heim. For at vi skal kunne hjelpe er det viktig at folk melder dette, seier direktør Odd Reidar Humlegård i Politidirektoratet til Vårt Land.

Fleire vaksne og barn blir så grovt mishandla at dei må ha den sterkaste graden av vern frå samfunnet. Det vert kalla «Kode 6», som betyr «strengt fortruleg adresse». Det er berre tilsette i Skattedirektoratet som veit kva adresse desse familiane har.

Det er 444 personar som bur slik, og 184 av dei er barn.

Kva er fysisk vald?

  • Når nokon slår, sparker, luggar, klyp eller gjer andre ting som gjer vondt på kroppen.
  • I Noreg er det ulovleg at vaksne slår eller gjer andre vonde ting mot barn.
  • Sjølv om det er mamma og pappa som gjer det, er det ulovleg.
  • Mamma og pappa har ikkje lov til å slå eller gjere andre vonde ting med barna sine, sjølv om barna har gjort noko gale.
  • Vaksne er større og sterkare enn barn, og skal passe på at barna har det godt.
  • Viss du ser at nokon blir slått, sparka eller opplever andre vonde ting, eller om du sjølv opplever dette, så må du seie ifrå til nokon slik at det ikkje skjer fleire gonger.
  • Dette kan skje andre stader enn heime også. Uansett kvar det skjer eller kven som gjer det, så er det ikkje lov å utsette barn for vald.

Kva er psykisk vald?

  • Det kan vera at mamma eller pappa ofte seier ting som gjer deg redd eller som gjer at du får vondt inni deg.
  • Mamma og pappa kan av og til kjefte på barna sine, spesielt om barna har vore veldig ulydige. Men mamma og pappa skal likevel ikkje kalle barna sine stygge ting eller kjefte heile tida.
  • Nokre barn kan oppleve at foreldra latar som om at barnet ikkje finst. Eller at foreldra trugar med bank eller juling, eller at barna blir låst inne/ute fordi dei har gjort noko gale. Dette er heller ikkje lov.
  • Av og til kan barn oppleve at foreldra seier stygge ting om barnet når det er andre folk der, til dømes at barnet er stygt, ikkje er flink til noko eller andre ting som gjer barnet lei seg. Dette er heller ikkje lov.
  • Alle barn har rett til å ha det godt og få lov til å leike og vera trygg heime. Ingen har lov til å truge eller seie stygge ting til eit anna menneske, heller ikkje til eit barn.

(Kjelde: Stine Sofies Stiftelse / www.jegvilvite.no)