Inviterer til feiring av Pride på Minecraft

Skogliv inviterer heile Noreg til digital feiring av Pride. Etter skytinga i natt og avlyst parade, ønsker dei å legga til rette for ei digital feiring av mangfald og kjærleik over heile landet.

Natt til laurdag25. juni vakna heile Noreg til nyhenda om at to menneske er drepne og 21 skadde etter at ein mann byrja å skyta utanfor ein utestad for homofile i Oslo sentrum.

– Etter dei grusame handlingane i natt ønsker me å la alle feira pride over heile landet, i tråd med Oslo Pride og oppmodingane til politiet. Derfor opnar me søndag for digital feiring i Minecraft-versjonen av Oslo, pynta til pridefest. Me håpar mange vil vera med å feira mangfald og kjærleik, seier Tarjei Mo Batalden i Skogliv.

Søndag 26. juni er det mogleg å gå i parade i dataspelet Minecraft. Skogliv har bygd Oslo sentrum, og pynta byen i fargane til regnbogen. Spelarar kan feira med flagg og emojiar.

Foto: Skogliv

Om Skogliv

Skogliv er Noregs største Minecraft-samfunn. Under pandemien arrangerte dei digitale 17. maifeiringar, der nesten 40.000 spelarar deltok.

I vår lanserte dei òg eit læringsopplegg om pride og Kim Friele, i samband med 50-årsjubilet for avskaffelsen av homoparagrafen. Skogliv blir drive av Erlend Pilø (26), Tobias Laundal (23) og Tarjei Mo Batalden (23), frå Oslo og Bærum. Også i 2021 arrangerte dei digital Pride-feiring.

Microsoft Noreg har lagt til rette for feiringa.