Noregs Mållag: – Skriv nynorsk på nynorskdagen!

I dag er nynorskdagen! Noregs Mållag og Norsk Målungdommen utfordrar alle nordmenn til å skrive nynorsk i dag.

I høve «Frivilligheitas år» i 2022, kunne frivillige organisasjonar peika seg ut kvar sin dag.

Noregs Mållag valde 12. mai som sin merkedag. Valet fall på akkurat den datoen fordi det var denne datoen Stortinget vedtok å likestilla nynorsk og bokmål med «jamstillingsvedtaket» i 1885.

I dag er nynorsk eit nasjonalt språk, som alle i Noreg lærer på skulen.

– Målet vårt er å ufarleggjera det å skriva nynorsk for dei som sjeldan eller aldri gjer det

Noregs Mållag oppfordrar alle til å markera nynorskdagen på ulike måtar.

– Skriv nynorsk, les nynorsk, eller syng ein nynorsk song, skriv Mållaget.

– Skriv «Eg skriv nynorsk på #nynorskdagen» på Twitter, Facebook eller Instagram, står det vidare.

Skriv du bokmål til vanleg? Prøv nynorskroboten til Nynodata: https://nynorskdata.no