Tida 3.30,60 var drygt fire tidelar betre enn den gamle rekorden.
– Det er jo ein draum som går i oppfyllelse, seier Ingebrigtsen til NRK etter rekorden.
Dette er Jacob Ingebrigtsen:
- Jakob Ingebrigtsen er ein av dei raskaste mellomdistanseløparane i verda.
- Han er yngre bror av friidrettsutøvarane Henrik og Filip Ingebrigtsen, som saman utgjer Team Ingebrigtsen.
- Han vart olympisk meister på 1500 meter i Tokyo i 2021 med ny olympisk rekord på 3.28,32.
- Per februar 2022 har han verdsrekorden på 1500 meter innandørs (3.30,60), og europarekorden på 1500 meter (3.28,32) og 5000 meter (12.48,45) utandørs.
- Ingebrigtsen vart U20-europameister på 5000 meter og 3000 meter hinder i 2017, og vann 1500 meter og 5000 meter i EM i friidrett 2018.
- Han har òg tre EM-gull innandørs, frå 2019 og 2021.
(Kjelde: Wikipedia)