Dette treng du:
Til deigen:
- 200 gram romtemperert smør
- 200 gram sukker
- 1 stk. eggeplomme
- 1 ss lys sirup
- 0,5 ts malt kanel
- 1 ts vaniljesukker
- 1 ts natron
- 300 g kveitemjøl
Til pensling og dryss:
- 1 stk. sammenvispet egg
- 1 dl sukker
- 1 dl hakka mandlar
Artikkelen held fram under bildet.
Slik gjer du:
- Ha romtemperert smør og sukker i ei kjøkkenmaskin.
- Bland saman slik at det blir luftig og kvitt
- Ha i eggeplomme og sirup.
- Vend inn resten av dei tørre ingrediensane, men hald igjen litt av mjølet. Elt deigen saman.
- Legg gjerne deigen i kjøleskapet i 30 minutt (gjerne lengre), då vil han bli litt enklare å jobba med.
- Del deigen i 6 emne (like store bitar).
- Trill kvart emne til ei tynn pølse og løft over på eit bakepapirkledd steikebrett.
- Legg 2-3 pølser på kvart brett.
- Trykk ut til 4-5 mm tjukkelse med fingrane.
- Pensl med egg og dryss på sukker og hakka mandlar.
- Steik kakene høgt i omnen på 175 °C i 12-14 minutt.
- Skjer i 1,5-2 cm breie stenger på skrå medan dei er varme.
- Avkjøl heilt på rist.