Mobbing på skulen
Nesten seks prosent av alle elevar blir mobba to til tre gonger i månaden eller oftare, kjem det fram i Elevundersøkinga frå 2020.
4,5 prosent av dei som blir mobba, blir mobba av andre elevar på skulen. 2,2 prosent blir mobba digitalt. 1,2 prosent blir mobba av vaksne på skulen.
Færre fortel at dei blir mobba av vaksne. Talet på elevar som blir mobba digitalt aukar.
– Me har laga superfigurar av oss sjølv, som me har hengt opp på ei tavla på skulen, seier Kristi.
Ho og Levi Erik er elevar ved Sand Skule. Kristi går i 1. trinn medan Levi Erik går i 2. trinn.
Skulen deira er ein av ti forsøkskanin-skular som er med på eit heilt nytt opplegg i regi av MOT, som heiter SUPER!!.
Med utgangspunkt i regnbogen sine sju fargar, jobbar elevane med oppgåver som mellom anna er knytte til kjensler, empati og det å vera gode klassevenner. Målet ved å innføra opplegget, er at alle skal bli inkludert og å vera i forkant av eventuelle problem.
– Alle har ein indre superhelt
– Veldig mange rektorar og lærarar sagt ifrå om at problem som før oppstod på ungdomsskulen, no også skjer i barneskulen. Me vil jobba i forkant og derfor ville me samarbeida med 1. klassingar, seier Bjørg-Elin Moen i MOT og legg til:
– Opplegget har fått namnet SUPER!!, fordi me jobbar med å bli ein SUPERklasse og fordi alle har ein indre superhelt. Superheltar er snille, dei vil noko godt med verda, dei har møtt motgang, kan oppleva å bli misforstått og har ikkje alltid kontroll over kreftene sine.
Ho fortel at fleire av barna som startar på skulen no, opplever problem med det sosiale. Derfor er fokuset i opplegget delt i to.
– I tillegg å sjå seg sjølv i spegelen og tenkja at «eg er verdifull» – må me også vera snill med andre. Me vil hjelpa til slik at barna blir tryggare sosialt, seier ho.
Eit opplegg alle elevane har nytte av
Kristi og Levi Erik fortel at dei allereie har lært masse ved å ha dette opplegget i klassen – og dei er sjølv blitt enige om kva dei vil skal kjenneteikna sin SUPERklasse.
– Viss nokon spør om dei vil vera med å leika, må me seia ja. Viss nokon dyttar nokon, må me seia unnskyld, seier Kristi.
– Me lært om korleis du kan vera ein god venn, seier Levi Erik.
Lærar Tone Mari Sand fortel at dette er eit opplegg dei kjem til å halda fram med på skulen.
– Dette er eit opplegg absolutt alle elevane har nytte av, seier ho.