Som følgje av store vassmengder, har fleire tusen gårdsdyr døydd og mange fleire er fanga på ein plass det er vanskeleg å flytta dei frå, skriv The Guardian.
Nokre bondar har tatt i bruk vasskooterar for å forflytta storfe ut frå den verste flaumen – og no jobbar regjeringa med å få inn veterinærar og mat som kan hjelpa.
– Øydelagt heile samfunn
Kraftig regn og eit heftige vêr, har gjort at dei delstatane i Canada har gått heilt i stå dei siste dagane.
NRK melder at tusenvis av menneske har blitt tvinga til å evakuera frå heimane sine, og at vêret har vore vanskeleg å forhalda seg til for innbyggjarane i heile provinsen. Også fleire skular har vore stengt i perioden.
– Styrtregn, sterk vind og flaum har øydelagt heile samfunn i provinsen vår, sa John Horgan på ei lokal pressekonferanse. Han er leiar for provinsmyndane i British Columbia.