Bli med i vår skumle skrivekonkurranse!

Les utdraget frå boka «Edward Rubikons mysterier: Draugens vrede» og skriv vidare på ditt eige mysterium. Send det til oss og bli med i trekninga av ein fin premie.

Fakta: Mysterium:
  • Eit mysterium er noko som ikkje lèt seg forklara. Ei gåte.
  • Ordet vart fyrst brukt om hemmelege greske og romerske feiringar og kultar.
  • I motsetnad til feiringar der alle kunne delta, vart dei fleste mysterium feira av eit mindre utval medlemmar i lukka rom.

(Kjelde: Store Norske Leksikon)

 

LES FAKTALUKK FAKTA

Dette er teksten du skal skriva vidare på. Kva skjer i fortsetjinga?

Kasper, Nadira og jeg står på brygga og ser utover havet. Himmelen er skyfri, vannet blikkstille. Det burde kry av mennesker og båter der ute, men det gjør det ikke. Det er ikke en eneste sjel der. En ny fiskebåt gikk til bunns utenfor Grimsrud-kysten i går natt. Mannskapet ble visstnok overrasket av et plutselig væromslag, og båten traff et skjær. Heldigvis var det ingen som druknet. 

«Ulykker skjer ute på sjøen hele tiden,» påpeker Kasper. 

«Det er ikke så uvanlig.» 

«Ja, men ÅTTE skipsforlis på én uke?» sier jeg.

Forfattar Aleksander Kirkwood Brown er med i juryen som kårar ein vinnar.

Her er det du treng å vite for å delta:

  • Format: Word-fil
  • Lengde: 150-350 ord
  • Premie: Bok + Framtida Junior t-skjorte
  • Aldersgrense: Under 14 år
  • Målform: Nynorsk
  • Innleveringsfrist: 1. desember 2021
  • Send inn til framtidajunior@gmail.com

OBS: Hugs å merka teksten med <NAMN>, <ALDER>, <SKULE> og <TELEFONNUMMER>.

Aleksander sine tips til deg som vil skriva eit mysterium:

  • Start gjerne med at noko uventa og mystisk skjer, som gjer at lesaren får lyst til å lesa vidare for å finna svar på gåta.
  • Lag ulike leietrådar som hovudpersonen må følgja. På veg mot løysinga må det skje spennande ting undervegs.
  • Det er ekstra spennande om løysinga er annleis enn lesaren trur. Kanskje det eigentleg er ein annan som har gjort noko gale enn det leietrådane hintar om?
  • Skriv om det som skremmer deg. Då kan du bruka eigne erfaringar. Skriv om noko du er interessert i eller kan mykje om. Du treng ikkje ha sloss mot eit monster for å kjenna på kjensla av frykt. Alle som har gått åleine på eit mørkt loft eller i ein mørk kjellar har nok kjent på den krypande, spennande kjensla. Det er lurt å leggja handlinga i historia til ein plass der det er vanskeleg å flykta eller henta hjelp.
  • Når du skriv, tenk: Kva er det verste som kan skje no? Kva er det mest overraskande som kan skje?