650 millionar jenter er gifta bort som barn

Kvart tredje sekund blir det gifta bort ei jente. Det betyr at over 30 tusen jenter blir gift kvar dag og 12 millionar opplever dette kvart år. I dag kan du sjå årets TV-aksjon «Barn, ikkje brud» på NRK.

Koronakrisa har gjort det endå vanskelegare å vera jente og det er frykta at 10 millionar fleire jenter vil bli gifta bort innan 2030.

Kampen mot barneekteskap er viktigare no enn nokosinne, ifølgje Plan.

– Årets TV-aksjon går til Plan International Noregs arbeid mot barneekteskap. Saman skal me nå ut til tre millionar menneske for å få slutt på barneekteskap i dei landa der problemet er størst: Bangladesh, Nepal, Malawi, Mali og Niger. Me skal jobba for at jenter får bli på skulen, at barn, unge og eldre får opplæring i rettane til jenter og i likestilling og at lovverket skal verna barn frå å bli gifta bort. Barn skal få vera barn, ikkje brud, seier Nina Margareta Høie i Plan Norge.

Kva er den lågaste alderen barn kan risikera å bli gifta bort?

– Dette varierer veldig frå land til land og stad til stad. Men over heile verda ser me at jenter i ungdomsskulealder (under 15 år) blir gifta bort. I Niger til dømes, blir meir enn 1 av 5 jenter gifta bort før dei har fylt 15 år, fortel Nina Margareta.

Skal du vera bøssebærar i år?

Skal du vera bøssebærar i år?

Ja14
Nei47
Svar totalt: 61