- Det kan vera vanskeleg å ikkje ha stemmerett – fordi ein har mindre makt og innverknad på sitt eige liv. Mi løysing på dette var at eg som 8-åring søkte opp organisasjonar og fann fram til andre klimaengasjerte barn og unge i Miljøagentane. Dette var ein av plassane eg lærte å bruke stemma mi. Vi fekk læra å skriva meiningsinnlegg, stå på stands, byggja humlekassar og mykje anna. Der lærte eg alt det grunnleggjande.
- Spør lærarane dine om dykk kan lære meir om klima- og naturkrisa på skulen. Kunnskap er viktig!
- Skaff deg kunnskap om klima gjennom å lesa bøker eller aviser. For eksempel Framtida Junior.
- Snakk med foreldre og vener om klima. Det er viktig å snakke om det som skjer. Då er det også lettare å finne ut korleis du kan bidra.
- Sykle til skulen, pant flasker, plukk søppel eller gjer andre ting i kvardagen. Alt hjelper – og vi treng alle desse ulike måtane å hjelpa på for å klara dette saman. Ingen innsats er for liten. Vi treng alt.
Slik kan du hjelpe i klimakrisa
Penelope Lea (17) sine fem tips til korleis du som ikkje har stemmerett, likevel kan påverke klimasaka: