Dei fleste studentar tek seg eit friår mellom vidaregåande og høgare utdanning. Men det var ikkje noko Zara Rutherford (19) var interessert i.
Den 18. august la ho ut på ei reise ho seint kjem til å gløyma, som kjem til å ta ho 52.000 kilometer rundt jordkloden. Og ikkje nok med det – ho skal flyga distansen i eit fly der det berre er plass til ho.
Planen er at ho skal vera på reis til starten av november. Greier ho det, vil ho bli den yngste kvinna som har floge rundt kloden åleine i eit enkeltmotorfly, skriv CNN.
Se dette innlegget på Instagram
Vil inspirera jenter og kvinner
– Dette er ein draum eg har hatt veldig lenge, men den har alltid verka veldig urealistisk, seier Rutherford, som har britisk-belgisk nasjonalitet.
– Då eg bestemte meg for å ta eit år fri før eg startar på universitetet, skjønte eg at eg hadde mykje tid til eg kunna bruka på det eg ville. Eg kunna like godt gjera noko med den.
Rutherford seier at ho håper å ta rekorden som den yngste kvinna til å flyga rundt jorda – og i tillegg kunne inspirera fleire jenter og kvinner til å satsa på ein karriere innan vitskap og luftfart.
Se dette innlegget på Instagram
Lærte å fly då ho var 14
Reisa til Rutherford starta i Belgia. Deretter skal ho flyga vestover gjennom 52 land og fem kontinent.
Ho skal kryssa ekvator to gonger, først i Tumaco, Colombia, og igjen i Jambi, Indonesia. Nettopp dette er ein del av Guinness World Record sitt krav for at forsøket skal bli godkjent.
Her kan du sjå reiseruta hennar: