Desse dvergsjimpansane hjelper framande

Forskarar oppdagar stadig at dyr har eigenskapar me trudde berre menneske har. No har dei funne at dvergsjimpansane likar å hjelpe framande.

Forskarane frå Duke University i USA såg at ville dvergsjimpansar i Kongo hjelper framande dvergsjimpansar med å finne mat. Dette gjorde dei utan å få noko tilbake, skriv Forskning.no

– Denne impulsen til å vera hyggeleg med framande er nok eit trekk som utviklar seg hos artar som kan tene på å bli kjent med framande, seier Jingzhi Tan, forskar ved University of California, San Diego.

Jingzhi fortel at når du gir hjelp til ein framand, er det som regel fordi du håpar at den framande vil bli ein framtidig ven som kan hjelpe deg når dei møtest ein anna gong.