Det vart målt 18,3 grader på kontinentet i fjor.
– Antarktishalvøya er eit av områda der oppvarming på planeten har gått raskast, seier Petteri Taalas ved WMO. Denne delen av Antarktis har vorte tre grader varmare på 50 år.
– Denne nye temperaturrekorden passar derfor med klimaendringane vi ser, seier Taalas til Ung.Forskning.no.
Antarktis er lands- og havområda som ligg rundt Sørpolen. Det er den kaldaste plassen på jorda.
I februar i fjor vart det sett ny varmerekord på kontinentet. 6. februar 2020 vart det målt 18,3 grader på Antarktishalvøya.