«Pante-Henning» samlar inn millionar til Barnekreftforeininga

SJÅ VIDEO: – Eg gir meg ikkje før alle i Noreg har donert éi flaske, seier Henning Aarekol. Elevar i valfaget «Innsats for andre» på Skånevik skule bidrog med heile 18.974 kroner til det viktige panteprosjektet.

Dei fire siste åra har Henning og velgjerdsslaget «Team Rynkeby» sykla til Paris, til inntekt for Barnekreftforeininga. Det vart det ikkje noko av i år gunna korona, så Henning ville finna på noko anna. Då han innsåg at det blir kasta 300.000 flasker i bosset kvar dag, var saka klar. Han skulle få fatt i flaskene og donere pengane til Barnekreftforeininga.

– Me har samla inn masse tomflasker i valfaget «Innsats for andre», fortel Linea Louise Funderud (13).

Artikkelen held fram under bilete.

VIKTIG PROSJEKT: Ida Magrethe Sydnes (13)., Linea Louise Funderud (13) og Tobias Johansen (13) har valfaget “Innsats for andre” på Skånevik skule. Foto: Janne Nerheim

– Alle blei einige i at me skulle gjera det, men ideen var læraren vår sin, fortel Ida Magrethe Sydnes (13).

Det er sju elevar som har valfaget, og dei har alle gjort ein enorm innsats i å engasjera lokalsamfunnet.

– Me har spurt om hjelp på Facebook, så det er mange som har fått med seg at me samla inn, seier Linea Louise.

HJELP: Dei fire siste åra har Henning og velgjerdsslaget «Team Rynkeby» sykla til Paris, til inntekt for Barnekreftforeininga. I år har han laga panteaksjon i staden. Foto: Janne Nerheim

– Alt du ser av flasker er kome inn den siste veka. Eg er utruleg stolt av elevane, seier lærar Åse Hjelmervik.

– Ja, det blei veldig mange flasker, så me håpar det blir mykje pantepengar til den gode saka, seier Ida Magrethe.

– Me er ikkje gode nok på panting

Elevane ventar spent på at sjølve sjefen for innsamlinga skal koma på besøk denne dagen. Inn på skuleplassen kjem ein kvit varebil rullande, og ut hoppar Henning Aarekol. Han slår ut med armane i stor begeistring. Det står ein haug med fulle sekkar og ventar på han.

– Me er ikkje gode nok på panting. Eg fann ut at det er 300.000 flasker som går i søpla kvar einaste dag her i Noreg. Det er jo 350.000.000 kroner som blir kasta kvart år! Dei flaskene, dei skal eg ha, seier Henning.

Det blir ikkje plass til alt i bilen han har med seg, så han må ty til den lokale matbutikken for å panta halvparten av flaskene.

– Alle i Noreg har jo éi flaske, seier Henning medan han, Ida Magrethe og Linea Louise ber inn sekk etter sekk til panteautomaten.

Etter at alle flaskene, både dei i Skånevik og dei i varebilen var panta, blei resultatet heile 18,974 kroner til Barnekreftforeininga.