Over 9000 hundeeigarar i Finland har svara på ei spørjeundersøking. Eigarane måtte svara på spørsmål om hunden, mellom anna om korleis den oppførte seg mot framande og folk den kjente, skriv Ung.Forskning.no.
Etterpå undersøkte dei alle svara, for å finna ut kva som var felles for hundane som knurra, glafsa eller beit etter folk.
Ei viktig oppdaging, var at engstelege hundar ofte var aggressive.
Sjansen for at dei mest engstelege hundane skulle knurra, glefsa eller bita, var over fem gonger så stor som hjå dei tryggaste hundane.
Dessutan hadde alder mykje å seia. Gamle hundar var oftare sinte enn unge hundar. Det kan henga saman med at gamle hundar oftare har vondt i kroppen, trur forskarane.
Skilnad på små og store hundar
Forskarane fann òg andre ting som var felles for hundar som kunne vera aggressive. Ofte var hannhundar verre enn tisper, og små hundar var oftare sintare enn store og middels store hundar.
Men eigarane hadde òg noko å seia. Hundar som knurra, glefste eller beit, hadde oftare eigarar som aldri hadde hatt hund før. Og dei budde oftare i heimar der det ikkje var nokon andre hundar.
Men det er viktig å hugsa at slike undersøkingar ikkje seier noko om korleis ein enkelt hund oppfører seg. Og hugs: Når du møter ein ny hund, er det alltid lurt å spørja eigaren om det er greitt å helsa.