Framtidajunior Nyhende Vil gjera det lettare å heisa Pride-flagget i Noreg
Foto: Pixabay

Vil gjera det lettare å heisa Pride-flagget i Noreg

I dag skal Stortinget avgjere om det blir mogleg å flagge med Pride-flagget.

Det går mot ei endring av flagglova slik at ein får lov til å heise Pride-flagget medan det går føre seg lokale arrangement. Då blir det lovleg å heise Pride-flagget på alle kommunale flaggstenger, melder Norge i dag.

Hittil har ein berre hatt lov til å heise det norske og det samiske flagget, i tillegg til kommune- og fylkesflagg, på offentlege flaggstenger.

Ei endring i lova vil gjere at det blir mogleg å bruke andre flagg i «arrangement, markering eller merkedag av allmenn interesse». Dette gjeld òg FN-flagget.

Forslaget vart lagt fram av statsråd Nikolai Astrup (H) i fjor sommar. No er det bestemt at saka blir behandla på Stortinget 25. mai.

BOKMELDINGAR OG SISTE NYTT OM BØKER

Ville fakta om Romarriket

Visste du at romarane kanskje var betre enn oss til å byggja – og at ein keisar gjorde hesten sin til prest? Forfattar Martin Aas byr på ein haug med overraskande fakta i boka Det kuleste fra Romerriket.

VIDEOAR