Amund og Tiril reiser verda rundt – utan handsprit og munnbind

6. klasse ved Fiskarstrand skule har medt seg på lesekonurransen «Lesereisen». Dei håpar at den vil hjelpa dei med å utvikla lesefart, gi leseglede, og sjølvsagt – vinna fine premiar.

– Dette er første gong me er med i ei slik konkurranse. Læraren vår synest at det er viktig å vera med på litt forskjellig, og så er det bra at me kan vinna premiar og slik, seier 6. klassingane ved Fiskarstrand skule, Amund og Tiril.

Lesereisen er ein nasjonal lesekonkurranse for alle barneskulane i Noreg. Elevane vert tekne med på ei digital reise til ulike verdsdelar, land og byar, der dei ikkje treng å tenkja på handsprit og munnbind. Konkurransen har oversikt over tal på sider elevane les, og kvar fredag kan dei vera med på ein kviss.

– Målet til klassen vår er å utvikla lesefarten, gi oss leseglede og sjølvsagt – vinne premiane, seier Amund og smiler.

Reiser rundt i verda

Lærar Beate Bjørge fortel at dei til no i Lesereisen, har hatt to stopp. Det første stoppet var i Noreg, nærare bestemt i Trøndelag. Deretter tok dei turen til Storbritannia.

– Konkurransen knyter ei bok til plassen me reiser, slik at elevane kan velja å lesa meir om den på eit seinare tidspunkt, seier ho.

Tiril og Amund fortel at dei gler seg til den digitale reisa, og håpar spesielt at det er to plassar dei kjem til å læra meir om.

– Eg synast at Frankrike er eit veldig spennande land. Dei har mykje historie, seier Amund.

– Eg likar veldig godt Spania, så eg håpar at me reiser dit, seier Tiril.

Lesetips

Konkurransen skal mellom anna auka leselysta til elevane. Tiril og Amund har gode tips til dei som ikkje er så glad i å lesa.

– Om du ikkje finner ei bok du likar, vil eg anbefala å testa ein annan sjanger, seier Amund.

Han kan røpa at favorittbøkene hans er Harry Potter. Tirild er veldig glad i Marg og Bein-bøkene, som blir omtalt som bøker for dei modigaste.

– Det er viktig å finna noko du vil lesa, og ei bok som du likar, seier ho.