Crayola har lansert ei rekkje fargestiftar, blyantar og tusjar som kjem i opp til 40 ulike hudfargar, skriv Kidsnews.
– Med «Colors of the World» fargeleggingsverktøy, håpar Crayola å gjera verda meir inkluderande for born i alle aldrar, rasar, fargar og etnisitetar, sa selskapet.
Ein etnisitet er ei gruppe menneske som har felles trekk. Dette kan vera mellom anna gjennom felles språk, kultur, religion, familieliv eller kultur.
Hjelp frå tidlegare sjefskjemikar
– Med verda som utviklar seg meir enn nokon gong, håpar Crayola at dei nye fargestiftane våre i verdsfargane vil føra til ei større kjensla av å høyra til, seier Rich Wuerthele, som er sjef i selskapet.
Fargestiftane, som er laga av den tidlegare sjefskjemikaren til sminke-merket MAC Cosmetics, har namn som mellom anna Light Golden, Deep Almond og Medium Deep Rose.
Dette er namn som ein kan kjenna att frå nyansar i hudsminke.
Selskapet seier at dei håpar namna vil hjelpa fargeleggjarar med å finna den fargen dei identifiserar som sin hudfarge.