Dei fleste går ikkje på ski i påska

Trur du at alle andre reiser til fjells for å gå på ski i påska, berre ikkje du?

Då tek du feil. Statistisk sentralbyrå har funne ut kor mange som går på ski, og kor mange som reiser på hytta i påska. Då forskarane sjekka dette i 2020, var det rundt 20 prosent som svara at dei hadde vore på ein lengre skitur i skogen eller på fjellet. Med lengre tur meiner dei tur som varer i meir enn tre timar, skriv Ung.Forskning.no.

Litt fleire hadde gått på ein kortare skitur, 33 prosent svara det. 20 prosent svara at dei hadde stått på alpint, snowboard eller telemarkski. Tala viser altså at dei aller fleste ikkje hadde gått på ski dette året.

Det er spesielt ungdom mellom 16 og 24 som sjeldnare går på langrennsski eller slalåm.

Ikkje vanleg å reise på påskeferie

Om du ser på sosiale medium, kan det vera lett å få inntrykk av at alle reiser på hytta i påska.

For nokre år sidan spurde forskarane folk om dei reiste på ferie i påska. Berre 1 av 8 sa at dei reiste på ferie. Av dei som reiser på ferie, var det berre 13 prosent som svara at dei overnattar i sin eigen feriebustad eller hytte. Mange fleire, kvar tredje, overnattar hos slektningar og venner.