10 fine ting med å vera skilsmissebarn:
- Fleire gåver
- Feire bursdagar og festar
- Eg ber om pengar frå begge, og får dobbelt opp (hihi)
- Kan vera saman med vener både hos mamma og pappa
- Eg får designa to rom
- Fleire som bryr seg om meg
- Dobbelt så mange feriar, og turar til utlandet
- Eg får ekstra vekeløn
- Meir tid til å bli kjent med foreldra mine kvar for seg
- Gladare foreldre
7 gode råd frå barnepanelet:
- Vit at det ikkje er din feil.
- Finn deg ein hobby, eller noko anna gøy å gjere.
- Snakk med folk som forstår deg. Gode vener eller ein vaksen du stolar på. Det hjelper å seia ting høgt!
- Du er ikkje åleine om å ha det slik, vi er fleire der ute!
- Viss foreldra dine kranglar, og det er kjip stemning, bruk heller tida på gode vener.
- Ikkje tenk så mykje på det vonde. La dei vaksne halde på!
- Det blir bra til slutt.
(Kjelde: Skilsmissehelter)