Forskarane i kontrollrommet til NASA kunne endeleg sleppa jubelen laus, då roveren «Perseverance» landa trygt på Mars, skriv VG.
Landingsfartøyet gjekk inn i den tynne atmosfæren med ei fart på om lag 20.000 kilometer i timen, og fartøyet hadde ein temperatur på rundt 1300 grader før landing. Nedbremsinga i atmosfæren tok sju minutt.
Norsk utstyr om bord
No skal roveren bruka god tid på å undersøka den spennande planeten. Om bord har den mellom anna ein norsk georadar, som skal leita etter vatn og liv.
I løpet av dei neste to åra skal den samla inn prøvar ved hjelp av ein lang robot-arm. Desse prøvane blir deretter sendt tilbake til Jorda for analysar.
Men det blir ei stund å venta før me får svar. Planen er at dei skal returnerast i 2031.
Sjå heile sendinga frå NASA her: