Den åttande «Mission Impossible»-filmen som har fått namnet «Scorpio», skal spelast inn i Noreg. Den får 68 millionar i støtte frå Norsk filminstitutt, skriv NRK.
– Me ser at Noreg er blitt ein svært attraktivt stad å produsera film og dramaseriar, noko som betyr at norske filmarbeidarar og filmbransjen har høg kvalitet, seier Kjersti Moi ei pressemelding.
Ho er er direktør i Norsk filminstitutt.
Skal fremja norsk kultur, historie og natur
Pengestøtta skal brukast til å «bidra til å auka mengda på internasjonale film- og serieproduksjonar i Noreg for å fremja norsk kultur, historie og natur», skriv Norsk filminstitutt på nettstaden sin.
«Scorpio» handlar om ei gruppa agentar som er tilsett i ei hemmeleg organisasjon, som vert kalla Impossible Missions Force.
Tom Cruise har hovudrolla som agent Ethan Hunt.