Men har du sett at fleire av dei blinkar? Nokre stjerner ser til tider ut som fly som kjem inn for landing, der dei blinkar i raudt, grønt, gult, kvitt og blått.
Den største stjerna på himmelen heiter Sirius. Om du ser opp på himmelen, er den lett å få auge på.
Orions Belte
Også andre stjerner blinkar slik som den, men sidan Sirius er størst, er den lettast å sjå.
Sjå etter stjernebiletet Orions Belte. Du ser stjerna Sirius liggande på rett linje under dei tre tette stjernene som dannar beltet i Orion.
Temperaturar verkar som prismar
TV 2 skriv at grunnen til at Sirius blinkar, er at den står lågt på himmelen. Punktet med lys frå stjerna passerer derfor gjennom veldig mykje luft, før det treff auga vårt.
Forskjellige temperaturar i lufta verkar som prismar, og fører til at det kvite lyset som stjerna egentleg gir ut, blir splitta. Ei prisme er gjennomsiktig og har to eller fleire glatte sider. Den vert brukt til å endra retninga til eit lys, eller til å splitta kvitt lys til fleire fargar.
På grunn av dette, ser me nokre gonger den raude delen av lyset, nokre gonger det blå, det grøne og så vidare og det verkar som om stjernene blinkar. Kult, sant?