Kvart år kårar Forbes dei rikaste menneska i verda. Dei har også laga ei eiga liste for dei rikaste Youtube-stjernene.
På toppen av Youtube-trona, sit Ryan Kaij som er 9 år gamal.
Han tente heile 29,5 millionar dollar, som er det same som 260 millionar norske kroner, frå juni 2019 til juni 2020.
Ryan’s World
Han og familien hans står bak kanalen Ryan’s World, som har 41,7 millionar abonnentar og totalt 12,2 milliardar video-visningar. Der deler han videoar av spanande DIY-prosjekt, eventyrstunder med familien og testar av leiker.
Mesteparten av pengane han tener, kjem frå sal av produkt frå sitt eige merke, Ryan World.
Forbes skriv at han har meir enn 5000 ulike produkt – alt frå pynt til soverommet til walkie-talkiar og anna.