Saka var først publisert hjå Framtida. Der kan du òg lese om Amelia (18), som tok eit val i 2021. Ho skal aldri meir skrive bokmål.

– No vil eg telte inne på rommet mitt berre fordi eg vil telte. Eg har lært mykje som er blitt ein del av kvardagen min, seier Safari Shabani (23) på telefon til Framtida.no.

I fjor var «Safari på safari» ein Youtube-serie i åtte delar produsert av selskapet Lucky View, der Safari jobba som klippar, filmprodusent og fotograf.

Turkameratane Morten Sandvik (t.v) og Emil Pettersen utfordrar ofte Safari Shabani til å gjere ting han ikkje vil. Foto: Mikkel Graham Guttormsen (Lucky View)

Spleisar på safari

Den gongen samla dei inn 74.000 kroner for å senda ut Safari på tur, i tillegg til at dei fekk fleire sponsorar.

Denne gongen har kronerullinga på Spleis samla inn nesten det dobbelte, 146.660 kroner. For dei pengane skal Safari sendast ut på ny opplevingsferd i Noreg.

Målet er å koma så langt nord som mogleg, eller helst Svalbard.

Etter å ha vore ute på tur har Safari Shabani (23) byrja å gå meir ut og til og med telte inne. Foto: Mikkel Graham Guttormsen (Lucky View)

Aldri sett elg

23-åringen kom til Noreg frå Zambia i 2014. Safari hadde ikkje sett mykje meir av Noreg enn Oslo og Mysen, der mor hans bur og hadde stadig nye spørsmål til kollegaane sine.

– Eg hadde høyrt mykje prat om ein elg sidan eg kom til Noreg. Der eg kjem frå er jo løva skogens konge, medan her er elgen skogens konge. Så eg ville prøva å få sett han. Eg byrja å tenkja veldig mykje på det og det vart ein draum, som vart til reality, forklarar Safari.

Å møta elg vart difor eitt av dei absolutte høgdepunkta på turen.

– Det som overraska meg mest var elgen, at han var snill på ein måte. Ein elg er jo snill, forklarar Safari.

Her kan du sjå kor entusiastisk Safari er for elg:

@safari.shabanSafari er på safari og ser elg for første gang♬ original sound – safarishaban

Seinare fekk Safari endå nærare kontakt med skogens konge:

Storinnsamling for safari

Safari fortel om fleire positive reaksjonar etter første sesong, med folk som har vorte glade og inspirerte.

– No blir det skikkeleg norsk vinter. Eg trur ikkje eg har opplevd norsk vinter, eg har berre vore inne medan alle andre er ute og står på snowboard og skøyter.

Turen går nordover, men Safari får ikkje vete noko om planane. På den måten kan han ikkje Google og trekkje seg på utfordringar som å «strikkehoppe frå eit isfjell».

Det er eitt av scenarioa som Safari ser føre seg, men er det ein ting han er sikker på, så er det at han må gå på ski. Det er noko han både gler og gruar seg til.

Etter å ha vore ute på tur har Safari Shabani (23) byrja å gå meir ut og til og med telte inne. Foto: Mikkel Graham Guttormsen (Lucky View)

Tøffare med vatn

Framover har han to store draumar: å møte isbjørn og å læra seg å symja.

Safari drømmer om å vera med i båt og berre hoppe ut i fjorden for å bada, utan å vere redd for vatnet.

– Det verste dei kan finne på er noko med vatn. Og det er mange stader der vatnet har blitt til is. Eg hadde fått panikk, eg trur det er det verste, seier Safari.

Målet for den nye sesongen er å vere endå tøffare.

– Når alle andre i Noreg gjer det, må eg òg tørre å gjere det.

Safari Shabani er redd for vatn, men hadde fine fiskeopplevingar både i Lofoten og Sognefjorden. Her er han ute med reisefølget Morten Sandvik (t.v), Emil Pettersen og resten av teamet. Foto: Mikkel Graham Guttormsen (Lucky View)