– Briller er veldig dyrt. Derfor sa mamma til meg at eg kunne senda eit brev til statsministeren, og be om at dei blir gratis for alle born, seier Ruby.
I brevet skriv ho mellom anna at det det kostar mykje pengar med briller, og at det er dumt at ho og andre skal vera redde for å leika, om det gjer at dei øydelegg brillene sine.
– Eg håpa at eg ville få svar, og no har eg fått det, seier Ruby.
Briller er kjempedyrt
– Statsministeren sa at ho brukte briller då ho var lita, og at ho likte alle dei same leikane som meg.
Erna Solberg hadde stor forståing for at briller er dyrt, men dessverre kunne ho ikkje gjera noko med det no.
– Slik det er no får dei som skjeler og har alvorleg augesjukdom støtte til briller, seier mamma Miriam og legg til:
– Vår familie klarer dette, men det er veldig mange born som ikkje kjem frå ressurssterke familiar, der briller er ei kjempedyr utgift. Det er kjedeleg at det er slik at born skal måtta ønska seg nye briller til jul.
Kjempestor overrasking
Då Noregs Blindeforbund fekk nyss i at Ruby hadde sendt brev til statsministeren, ville dei gjera noko spesielt. Dei pynta heile bygget sitt med brevet til Ruby.
– Eg vart glad, og litt paff inni meg då eg såg opp på veggen, seier Ruby.