– Eg har stor tru på å kombinera spenning og underhaldning med noko av det viktigaste i verda i dag, nemleg å ta vare på miljø og natur. Eg trur dyr, natur, klima og framtida for kloden er noko mange ungar er opptekne av.
Dei svarte svanene og Hytta som forsvann er dei første bøkene i serien om Klodeklubben, eit detektivbyrå med klima- og miljøsaker som spesialitet. Ruth Lillegraven har skrive bøkene, og Jens Kristensen teiknar bilda i bøkene.
Bak i bøkene er det lærerike miljøfakta skrive av miljøjournalist Ole Mathismoen.
– Har du testa bøkene dine på barn?
– Dei som har lese til no, verkar heldigvis vere veldig postive, og synst det er spennande bøker. Dei to sønene mine på 8 år er jo midt i målgruppa, og var litt konsulentar undervegs. Dei likte godt, og hadde faktisk også nokre nyttige innspel.
– Korleis var du som 10-åring? Og kva gjorde du på i fritida?
– Hehe, eg var nok litt nerdete. Eg var veldig veldig glad i å lesa. Dessutan var eg veldig oppteken av kattane mine, og av ei kanin eg hadde. Eg likte å vera med veninner, men hang også mykje rundt på garden vår åleine, eller med søster mi.
Forfattaren fortel at ho alltid lest for som liten. Anne Cath. Vestly sine bøker om Guro på Tiriltoppen hugsar ho godt. Etter det blei ho veldig oppteken av Maria Gripes mystiske og fine Tordivelen flyr i skumringen og Skyggen over steinbenken.
– Kva tre barnebøker du vil anbefala?
– Å, då vil eg tilrå alle dei tre heilt fantastiske barnebøkene til Maria Parr: Vaffelhjarte, Tonje Glimmerdal og Keeperen og havet. Eg elskar dei, og det gjer gutane mine også!
Les også: 5 skrivetips frå Maria Parr!