Instagram er svart for å heidre George Floyd

Det har vore opprør i fleire amerikanske byar etter George Floyds dødsfall i Minneapolis. No viser brukarar av sosiale medium eit svart bilete.

 

Den siste veka har fleire amerikanske byar vorte herja av opptøyar, for å demonstrere motstand mot politivald, då særleg mot afroamerikanarar.

Det heile starta etter videoar som viste ein politimann i Minneapolis stå med kneet på nakken til George Floyd i nærare ni minutt. Floyd døydde kort tid etterpå.

På Instagram er det mange som har lagt ut eit heilt svart bilete for å minne mannen som døde på grunn av politivalden.