Astronautane på romstasjonen treng akkurat det same som vi på jorda: Oksygen for å puste, vatn til å drikke og mat dei kan ete. Men ingen av desse tinga finst i verdsrommet. Difor må alt hentast opp frå jorda, skriv Ung.Forskning.no.
Å frakte ting opp til romstasjonen kostar masse pengar. Eit romselskap tek 25 000 kroner for å sende ein pakke som veg 1 kilo til romstasjonen. Andre selskap tek opp til 220 000 kroner per kilo.
Difor er det viktig å vere sjølvforsynt. Ein astronaut treng nemleg cirka 4 liter vatn kvar dag for å drikke, vaske seg og pusse tenna.
Før og no
Dei fyrste gongane astronautane reiste ut i rommet, hadde dei ein slange dei tissa i. Slangen gjekk til ein ventil og urinen vart sendt ut i verdsrommet. Dette systemet fungerte ikkje. Av og til blei tisset sendt attende inn i romskipet og hang som vektlause gule ropar i lufta.
Astronautane tissar framleis inn i ein slange, men no blir urinen sendt til ein sentrifuge som reinsar urinen. Den blir så rein at den kan drikkast.