Dette treng du:
- 1 desiliter potetmjøl
- 1 spiseskei matolje
- 3 desiliter vatn
- Konditorfarge (valfritt).
Slik gjer du (be gjerne ein vaksen om hjelp):
- Tøm vatn i gryta.
- Bland inn potetmjøl og matolje.
- Sett på middels høg varme på komfyren.
- I starten kan det vera vanskeleg å røre, men så blir det enklare.
- Når det blir enklare å røre, tek du i konditorfarge.
- Så blandar du alt saman. Det byrjer å danne seg små klumpar, men du må berre halde fram med å røre.
- Til slutt blir røra ein klump. Den skal vera litt fast.
- Skru av varmen.
- La slimet kjøle seg ned.
TIPS: Viss du vil at slimet ikkje skal vera klissete må du la det ligge i 3-4 timar. Du kan også setje det i kjøleskapet i ein halvtimes tid.