Den første Lesekiosken er allereie i bruk på Solli plass i Oslo. Nummer to og tre vart opna i Tønsberg 10. januar. Den neste som opnar kan du finne på Sola frå og med 13. februar.
Etter det poppar det opp lesekioskar rundt omkring i heile landet.
Det var kulturminister Trine Skei Grande (V) som opna den aller fyrste kiosken i Oslo.
– Eg håpar at lesekioskane blir besøkt av både gamle og nye bibliotekbrukarar. Kanskje vil folk som ikkje har for vane å besøke bibliotek gjenoppdage boka ved å stikke innom ein liten finurleg raud kiosk. Tusen takk til Foreningen !les som har vore primusmotor for dette prosjektet sammen med Sparebankstiftelsen og Telenor, sa kulturministeren i sin opningstale.
Nasjonalt tilbod
Lesekioskane blir eit tilbud i heile Noreg med nytt innhald og aktivitet. Dei skal knytast opp mot lokale folkebibliotek.
– Lesekioskane skal gjere det enkelt å ta med seg og setje frå seg bøker, seier Vibeke Røgler i Foreningen !les.
Oversikta over alle dei 100 verna telefonkioskane som er med i avtalen finn du her. Det er Sparebankstiftelsen DNB og Foreningen !les som står bak prosjektet.