Boka handlar om Kjell på ni år, som er fødd inn i ein tjuvfamilie, der alle er tjuvar.
– Men Kjell er ikkje så veldig flink til å vera tjuv, fortel forfattaren i intervjuet med Framtida Junior-journalist Noelle.
– Kva det gøyaste med å laga boka?
– Dei gøyaste med å laga boka, var å teikna. Og det vanskelegaste var nok å skriva, for det har eg aldri gjort før.
Plukka dei yrka som var gøy å teikna
I boka møter me mange folk i byen til tjuvfamilien.
– Korleis kom du på alle karakterane i byen?
– Då prøvde eg å tenka på kva som var gøyast for meg å teikna. Det er meir morosamt å teikna malaren enn tannlegen, for eksempel. Så eg laga ei liste over alle yrke eg kom på, og så plukka eg dei som eg tenkte det var gøy å teikna.
5 kjappe spørsmål
– Bok eller teikneserie?
– Då må det bli teikneserie.
– Godteri eller gjera lekser?
– Godteri!
– Strikkegenser eller boblejakke?
– Boblejakke!
– Synga i dusjen eller synga på scenen?
– I dusjen!
– Alltid le på feil plass, eller alltid snubla på butikken?
– Eg ler alltid på feil plass allereie, så då er det det.
Sjå heile intervjuet i videoen over!