Sel hekla figurar for å redde skulen i Libanon

I Noreg engasjerer no mange barn seg for at skulen dei syriske flyktningane går på skal få halde fram. I Libanon er flyktningbarna letta over kva einaste dag dei får vera på skulen.

Nett no er skulen open, men framtida er usikker. Solfrid og dei andre vaksne som vil hjelpe skulen har blitt einige om at dei skal prøve å selje hekla figurar i Noreg for å få inn pengar til skulen.

– Det er mødrene til dei syriske flyktningane som heklar. Eg har med meg to store koffertar stappfulle av nydelege figurar til Noreg, fortel Solfrid Raknes. Solfrid er psykologspesialist og har reist for å hjelpe dei krigsramma syriske barna som har flykta til Libanon.

ARTIKKELEN HELD FRAM UNDER BILETET.

VIKTIG JOBB: Ibraheem Abokatmah (13) saman med broren Yousef (11) til venstre, og Solfrid Raknes til høgre. Dei tel pengar etter sal av hekla figurar på den syriske morsdagen. Foto: Maps

Vil hjelpe

I Noreg sit Ingar Orvik (10) frå Midsund. Han vil også gjere det han kan for å hjelpe.

– Eg vil vera med på å selge dei hekla figurane her i Noreg for at flyktningbarna skal få gå på skule. Eg trur eg kan få solgt 31 figurar når vi skal ha syrisk dag på skulen no i november, fortel Ingar.

GOD HJELPAR: Ingar Orvik (10) frå Midsund vil gjere det han kan for å hjelpe skulebarna i Libanon. Foto: Kathrin Gangstad

Ein annan gut som vil hjelpe er Ibraheem Abokatmah (13) som bur i Vaksdal. Han har flykta frå Syria til Noreg.

– Alle barn har rett til å gå på skulen, men barna i Libanon har det ikkje like bra som vi her i Noreg. Eg vil bruke tida mi på noko som hjelper andre – på noko som gjer barna i Libanon glade, seier Ibraheem.

Gler seg til skulen

I Libanon møter Solfrid Raknes tre barn som håpar dei får halde fram på skulen.

– Endeleg, skulen opnar att på sundag!, seier Mohammed Diab (13).

Klassevenninna Eman Al Mohammad (13) og Haifaa Darwish (14) gler seg enormt til å møte vener og lærarar.

Bur i telt

Mohammed kjem frå Homs, Eman kjem frå Aleppo og Haifaa frå utkanten av Damaskus. No bur dei i telt saman med familiane sine i flyktningleiren Jamil Diini, som ligg like ved skulen Saad Nael i Bekka-dalen i Libanon.

BLEKKSPRUTAR: Solfrid og dei andre vaksne som vil hjelpe skulen har blitt einige om at dei skal prøve å selje hekla figurar i Noreg for å få inn pengar til skulen. Foto: Solfrid Raknes

– Familiane flykta hit fordi heimen deira i Syria blei øydelagt av bomber. Det var for farleg å bli verande der. Om lag 750 syriske flyktningar bur i leiren, fortel Solfrid.

Takknemlege for hjelp

– Mindre enn halvparten av syriske flyktningbarn gjekk på skule i fjor, fortel ho.

Skulen som Mohammed, Eman og Haifaa går på er ein av ni skular som er med i Multi Aid Program. Den Norske Ambassaden i Beirut hjelp til med drifta av fire av dei ni skulane i programmet.

– Skuleleiinga er takknemlege for det og takkar oss i Noreg som hjelper dei, fortel Solfrid.

GLAD I SKULEN: – Endeleg, skulen opnar att på sundag! seier Mohammed Diab (13) til psykologspesialist Solfrid Raknes. Foto: Baha Borhan / Maps