Målet med kåringa er å visa breidda i den nyare, nynorske barnelitteraturen skrivne av norske forfattarar etter år 2000. Juryen har valt ut 10 bøker i dei fire kategoriane: barnebøker, biletbøker, ungdomsbøker og faktabøker for barn og ungdom.
Her i denne saka er bildebøkene presentert.
Desse sat i juryen
Troels Posselt, Janne Karin Støylen, Trond Strand, Liv Kristin Bjørlykke Øvereng og Liv Astrid Skåre Langnes har vore med i juryen. Dei har bestemt seg for nominera berre éi bok per forfattar.
Juryen har også sett på dei over 100 nominasjonane som har blitt sendt inn frå publikum i løpet av våren til Framtida Junior.
Stem på di favorittbok heilt nede i saka.
Dei ti bøkene juryen har plukka ut:
Pølsetjuven av Marianne Gretteberg Engedal
Kjell er tjuv. Han bur i eit røvarhus rett utanfor ein fredeleg, fargerik by. Kjell drøymer om noko anna. Pølsetjuven ligg i grenselandet mellom biletbok og teikneserie. Det er ei bok med intertekstualitet og humoristisk vinkling på det å finne seg sjølv.
Himmelspringaren av Sissel Horndal
Dette er ei klassisk heltehistorie om den vesle svake som ikkje liknar dei andre. Det lilla lammet finn motet i seg sjølv og bergar flokken. Når du opnar denne boka, kjem du inn i eit landskap der du får lyst til å bla vidare.
Jakob og Neikob og naboen av Kari Stai
I denne fjerde boka om Jakob og Neikob får dei ein nabo. Jakob vert glad og nysgjerrig, medan Neikob vert svært skeptisk og vil setje opp eit gjerde. Temaet framandfrykt vert omtala på ein slik måte at det treffer både vaksne, skulebarn og barnehagebarn. Ei forteljing med overraskande og kreative moment, både språkleg og visuelt.
Timothy mister seg sjølv av Vegard Markhus
Dette er ei ellevill forteljing med eventyraktig forteljestil om det å finne seg sjølv. Timothy mister seg sjølv del for del, reint bokstaveleg. Og etterpå limer han seg sjølv saman igjen med superlim. Dette er ei surrealistisk og artig bok om kroppen.
Gabba gabba hey av Frode Grytten og Gry Moursund (ill.)
Knut vil ikkje på tivoli. Knut er livredd for tivoli. Men kva gjer du når du har ein far i hawaiiskjorte som elskar tivoli? Boka fortel ei forteljing om det å vere redd og at barnet si stemme er viktig. Tekst og bilete lagar eit fyrverkeri av ei bok, som både tivolielskarar og tivolihatarar elskar.
Pling Vaken av Irene Ahnéll og Elisabeth Moseng (ill.)
Klara får ikkje sove, og vi kjenner att klassikaren om Albert Åberg. ”Pling vaken” kan lesast som ei nyskriving av denne, og når nye bøker gnistrar som dette, kan ein gje sundlesen syttitals-litteratur avløysing. Boka er sprudlande med fargar og mønster som understrekar kjensla av å vere «pling vaken».
Flekkmonsteret byggjer harefelle av Vetle og Hallgeir Opedal og Per Dybvig (ill.)
Dette er ei leiken monsterforteljing med lukkeleg slutt. Ein dag bestemmer Flekkmonsteret seg for å bygge ei harefelle. Den eine etter den andre går i fella, og snart er fella smekkfull. Historia er humoristisk og illustrasjonane er styggfine, fargerike og energiske.
Henrik And av Anna R. Folkestad
Henrik And vil heller vere eit anna dyr og gjere heilt andre ting enn ei and. I denne boka leikar Henrik seg med tanken om kor fint det ville vere å kanskje vere ein hund eller ein katt. Gjennom detaljrike og humoristiske illustrasjonar får vi sjå den omforma anda i vittige situasjonar. Ellevilt og gøy om at det er best å vere seg sjølv.
Bronto Biff av Nhu Diep
Bronto Biff er ein uvanleg dinosaur. Han et berre einsfarga, svart mat. Men ein dag bestemmer han seg for å prøve noko nytt, han går på restaurant og bestiller alt dei har på menyen. Det er herleg! Dette er ei humoristisk bok om å utfordre seg sjølv! Fargebruken understrekar tematikken, som engasjerer små barn. Barn elskar denne boka, og plukkar den igjen og igjen.
Førstemamma på Mars av Gyrid Axe Øvsteng og Per Ragnar Møkleby (ill.)
Førstemamma på Mars er ei sterk forteljing om korleis barn opplever alvorleg sjukdom hos ein av foreldra. Det er ikkje lett å takle at mor er sjuk, verken for far eller for den vesle jenta. I denne forteljinga møter vi den vesle jenta sine fantasiar og førestillingar om at den supre og humørfylte mora framleis finst i kvardagen.