Liverpool-manager Jürgen Klopp blei kåra til årets trenar.
To nordmenn nominert
I år var to norske fotballspelarar nominerte. Igjen stod Ada Hegerberg på lista. I tillegg var Caroline Graham Hansen nominert.
Kåringa til Det internasjonale fotballforbundet, FIFA, var 23. september, i Milano.
Dei nominerte kvinnelege spelarane: Lucy Bronze (England), Julie Ertz (USA), Amandine Henry (Frankrike), Sam Kerr (Australia), Rose Lavelle (USA), Vivianne Miedema (Nederland), Alex Morgan (USA), Megan Rapinoe (USA), Wendie Renard (Frankrike) og Ellen White (England).
Dei nominerte mannlege spelarane: Cristiano Ronaldo (Juventus), Frenkie de Jong (Barcelona), Matthijs de Ligt (Juventus), Harry Kane (Tottenham), Eden Hazard (Real Madrid), Sadio Mané (Liverpool), Kylian Mbappé (PSG), Lionel Messi (Barcelona), Mohamed Salah (Liverpool) og Virgil van Dijk (Liverpool).
I ein tidlegare versjon av saka blanda me saman prisen for beste spelarar med prisen Gullballen. Det er forskjellige prisar. Me beklagar feilen.