Statsminister Erna vil svare spørsmål frå deg

Framtida Junior skal møte statsministeren førstkommande onsdag, og me vil stille ho ditt spørsmål!

Framtidajunior.no har vore så heldige at me får møte Erna Solberg på onsdag 8. november saman med to juniorjournalistar.

Statsministeren vil svare på spørsmål frå lesarane våre, og no håpar me du vil sende inn spørsmåla dine til oss! Skriv gjerne om noko som opptar deg, og som du håpar ho kan gjera noko med!

Send inn spørsmål til christian@framtida.no!

Frist: Alle spørsmål må vera sendt før klokka 14 på måndag 6. november.

(Spør gjerne ein vaksen om hjelp til å sende spørsmåla dine!)