Frist for å levere er 20. juni
Premiar: 1. premie: 500 kroner og abonnement på Framtida junior i 2 månader.
Alle klassar som er med i konkurransen er med i trekkinga på klassesett av papiravisa.
Slik gjer du det:
- Du må velje mellom to oppgåver.
- Du kan velja å skrive som faktaartikkel, avisinnlegg eller dikt.
- Oppgåva må skrivast på nynorsk.
- Gå gjennom kriteria før du sender teksten.
Du kan velja mellom desse oppgåvene
OPPGÅVE 1: Draumeskulen din
Tips til kva du kan skrive om:
– skriv eit lesarbrev om kva skulane og kommunane kan gjera for at fleire elevar kan trivast på skulen
– skriv eit ope brev til kunnskapsministeren, statsministeren eller ordføraren der du prøver å overtyda dei om kvifor det bør bli gratis skulemat.
– skriv eit lesarbrev om kva lærarane, skulane eller kommunane kan gjera for å tilpassa undervisinga til kvar elev?
OPPGÅVE 2: Klima og miljø
Tips til kva du kan skrive om:
– skriv eit ope brev til ordføraren din eller statsminister Erna Solberg der du skriv om kva du meiner dei bør gjera for å redusera klimautsleppa i kommunen din og i Noreg.
Dette må vere med | Eg har med (kryss ut) |
Eg har ei overskrift som passar til teksten. | |
Oppgåvenummeret står tydeleg merka. | |
Namnet mitt, alder og skulen sitt namn står under overskrifta. (Umerka tekstar kjem ikkje på trykk) | |
Eg har valt ein sjanger som eg kjenner meg trygg på. | |
Eg har skrive ein samanhengande tekst. (Dette gjeld ikkje om du har skrive dikt). | |
Eg har brukt skriftstorleik 12. | |
Eg har brukt fonten – Times new roman | |
Teksta bør vere mellom 100 og 350 ord. | |
Eg har fått godkjenning av føresette at namnet mitt kan koma på trykk. | |
Eg sender det til junior@framtida.no og merker emnefeltet med SKRIVEKONKURRANSE. Lærar kan sende ein felles epost for klassen, men då MÅ kvart dokument vere merka med eleven sitt namn. |